 |
| Velkommen til nytt VøringfossRace 10.-11.-12. september 2010! |
 |
3 løp - 3000 h.m. opp - 400 h.m. ned på 40 km!
Intensjonen er at løpet skal vera ekstremt!
Her skal utholdenheit testast! Derfor 3 motbakkeløp på 3 dagar.
Vøringfossrace er eit motbakkeløp som vert arrangert av Destinasjon Eidfjord / Xtreme Endurance Eidfjord og ei mengde frivillige, grunneigarar, Eidfjord Kommune og Røde Kors er med på å leggje til rette for arrangementet.
Vi vil at folk skal ta i bruk dei gamle ferdselsvegane frå fjord til fjell, kjenna gleda med å vera i naturen, nå toppen og styrkja kroppen!
I kvar dal er det fantastiske fossar, som viser sin reinheit og styrke! Derfor er det naturleg at vi samlast ved juvelen av alle fossar: VØRINGFOSSEN. Her er målområde både fredag, laurdag og søndag med matservering i koseleg lavvo og forhåpentlegvis ein stor heiagjeng og flott stemning!
I forbindelse med Vøringfossrace 2010 vert det "DALATRØKK" - eit samarbeid mellom hotella i Eidfjord, med spesialpris på billettar for deltakarar på Vøringfossrace! Sjå www.dalatrøkk.no eller plakat og folder med gode pakkeprisar inkl. overnatting nedanfor!
Speaker på Vøringfossrace 2010 vert Dag Rasmussen frå Bergen - takk til han for velvillig innsats!
Og - det er igjen ein flott gjeng som er med på dugnadsinnsats, utan deira hjelp hadde det ikkje vore muleg å arrangere Vøringfossrace!! Det har meldt strålande vèr til helga, så me oppfordrar dugnadsgjengen til å vere med på CREWLØPET 3.-5. september 2010:
Start dag 1 kl 1800
Start dag 2 kl 0800
Start dag 3 kl 0800
Sjå plakat "Vøringfossrace 2010", detaljert info om Norges tøffaste motbakkeløp og "Dalatrøkk" nedanfor. |
 |
Kondis 2009 1.pdf |
 |
Kondis 2009 2.pdf |
 |
Plakat Vøringfossrace 2010.pdf |
 |
Norges tøffaste motbakkeløp 2010 NO.pdf |
 |
DalaTrokk folder.pdf |
 |
DalaTrokk plakat.pdf |
 |
|
|
|
 Glade trimmarar etter 3 dagers løp!
 Ein stolt gjeng!
 Dei 3 raskaste menn.
 Dei 3 raskaste kvinnene.
| |