Eidfjord utvikling
Organisasjon.
Eidfjord Utvikling AS er eit 100 % kommunalt eigd aksjeselskap som har ansvar for det kommunale nærings- og tiltaksarbeidet i Eidfjord.
Selskapet har ein tilsett, dagleg leiar Lilliann Høyvang Andreassen.
Tenester.
Treng du rettleiing eller coaching i samband med bedriftsetablering og -utvikling?
Eidfjord Utvikling AS kan tilby å:
◦ vera ein fortruleg samtalepartnar i diskusjonen om forretningsidé
◦ vera med å vurdera om forretningsideen er så realistisk at det
kan bli ei lønsam verksemd
◦ orientera om selskapsformer og kva kvar av dei inneber
◦ gje rettleiing i utarbeiding av forretningsplan, budsjett m.m.
◦ hjelpa til med å finna ressurspersonar som kan gå inn som
styremedlem i nystarta aksjeselskap
◦ orientera om moglege finansieringskjelder og gi hjelp med å
utarbeida søknader til desse
◦ hjelpa til med å få verksemda registrert i Brønnøysund
◦ skaffa etableraren nettverk og kontakt med faginstansar
◦ hjelpa til med å skaffa næringsareal/-lokale, eventuelt
arbeidskraft
Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med oss på tlf nr 53 66 41 00,
Eller mobil 915 66 835.e-post post@eidfjordutvikling.no