Åsnes Expedition Amundsen

Takk for 10 flotte år!

Etter 10 år blir no Åsnes Expedition Amundsen lagt ned. Det er med tungt hjarta, men hensynet til villreinen som no er under stort press kjem i første rekke. Xtremeidfjord har gjennom alle åra tilpassa løpet slik at det ikkje kjem i konflikt med reinsdyra. No er dyra i ein så kritisk situasjon at me vel å trekkje oss heilt ut av området der traseen ligg. Løpet har betydd mykje for mange, men villreinen betyr meir.

Me er takknemlege for åra me har hatt med Åsnes Expedition Amundsen. Det har vore magisk. Møte med mange flotte folk, store naturopplevingar og mengder av meistringskjensle både blant crew og deltakarar. No vil arrangørstaben lande litt, så får me etter kvart sjå kva framtida bringer når det gjeld nye muligheter.

Takk til våre trofaste sponsorar. Me kunne ikkje gjennomført arrangementet utan denne støtta. Takk til kvar og ein som har deltatt på løpet. Me er mektig imponert over motet og viljen de har framvist, og bøyer oss i snøen av prestasjonane. Og sist, men ikkje minst takk til vårt entusiastiske og dedikerte crew som med stor glede har lagt ned mange  dugnadstimar i samband med arrangementet.

Pressemelding XtremEidfjord07.05.2021